
- Mmmmmmm, sei tanteungen min på to år kvar gang han ser ei kake (Foto: Signe Christine Urdal, dinmat.aftenposten.no)
Er verkeleg kake så farleg? Det er jo det nokon av oss seier helie tida. I allefall her i området.
Åh den kaka e fa’li go» ja.
Kva seier vi eiegentleg? Er det et kompliment kanskje? Som seier at kaka er utruleg god, og utruleg bra baka. Eller seier vi at kaka kan få oss til å miste ein eller annan form for kontroll? Er vi redde for at vi då berre kastar oss over kaka med resultatat at vi ikkje kjem i mål med førebuinga til bikinisesongen- igjen?
Men ærleg talt, farlig er kaka ikkje, om du ikkje er diabetiker då, eller har nokon slags matallergi.
Vi vert ikkje sjuk om vi et den. Vi døyr heller ikkje. Vi kan kanskje bli litt uvel om vi et heile kaka, men det gjer ein som regel ikkje. Ein et som oftast ikkje kake til frukost heller.
Eit lite kakestykke, og heller ikkje tre store kakestykker er ikke så farleg for alle slags slankekurar. For dei varar som oftest ikkje så lenge alikevel. Dessuten så treng man verken ete seg mett på kaker eller sitte i sofaen heile dagen.
Men det som er farleg, det er at vi trur det er så farleg. For korleis kan ein njuta det ein tenkjer på som farleg?
For ei kake skal njutast.
Er du kakeglad kanskje? Tips: Bli med i eit damekor eller heng litt på kyrkjekaffe.
Kaker er godt for livskvaliteten:) Eg hadde høg livskvalitet dei første 14 dagane i mai, 8 kakeselskap…..
Tilbakeping: Slankeprat | Kirsti Guvsám
Tilbakeping: Slanking som integrering | Kirsti Guvsám