Kvinnefiendtlig?

Eg har i disse tider hatt tid til å lese forskjellige blad, med kvinner som målgruppe.  Henne, Det Nye, KK og så vidare. Eg har jo ikkje akkurat funne bladet som eg berre må ha med ein gong det kjem i kioskhylla. Men dei siste dagane har det vore kjekt med vekebladlesing, det står jo eit og anna nyttig der.

«Det bladet der», sa han og pekte på Det nye, «Det er mykje meir kvinnefiendtlig enn porno».
Min kjære ektemann var ikkje nådig, og meinte det måtte i søpla. Eg tenkte litt på korleis bilete eg kunne klippe ut, for det var ein kjole der med paljettar på, og eg har jo introdusert paljettar for nokre av englebarna. Det er jo så fint å kunne vise ulike måter å bruke dei på. Tenkte eg.

Men kva formidlar desse vekebladene?  Gir dei ikkje eit bilete av korleis jentar/kvinnar skal vere? Signaliserar ikkje dei at ein må sjå ut som ein modell, bruke topp moderne korrekte fine designarklede? eller sminke seg – aller helst med mineralsminke kjøpt i New York, og starte i januar med å fikse kroppen klar til bikinisesong. Dessuten er det artiklar om korleis ein skal verte ein suksessrik kvinne. Ja, og suksessrike kvinner er jo jobb i 16 timar, ser flotte ut, har toppstilling med høg lønning. Dei jobbar slettes ikkje på ein sjukeheim.

Er det kvinnefiendtlig? Eg syns mannen min har eit poeng. For utfordringa for meg og sikkert for mange andre kvinner er jo all påverknaden og all signala om korleis ein eigentleg burde vere. Og det er jo slettes ikkje slik ein er.  «Slik får eg det til» er vel ein velkjend overskrift med bilete av kvinne med nyvaska hus og nystekte bollar.

Sukk. Forventningar. Eg likar ikkje forventingar. Men er vi kvinner kanskje flinkast til å lage forventningar til kvarandre? Det Nye hadde jo en refleksjon på omtrent siste side om at alle jenter er vakre og gode nok.

Ei av mine venninner er oppteke av å ikkje slanke seg. I allefall skal ein ikkje snakke så høgt om det. Ho seier at korleis er det for tenåringane våre, når vi- dei vaksne går rundt og slanker oss heile tida- og ikke minst snakkar om slanking. Kva for førebilete er vi då? Ein kan jo ikkje forvente at ungdommar blir glade i sin eigen kropp, når vaksne ofte ikkje er det.

Som mormora mi sa til meg då eg nesten var tenåring og leste mamma sine vekeblad. «Du må ikkje tru på alt som står der Kirsti. Det er ikkje sånn det er». Så kanskje trur vi ikkje på det, men les dei- det gjer vi alikevel.

Mannen min er prest, og han har preika om at alle menn må skrive hyllestbrev til hengepuppar. Det skal eg i allefall hugse..   og kreve når den tid kjem.

4 thoughts on “Kvinnefiendtlig?

  1. Helt enig, Kirsti! Kvinner er kvinner verst, i vårt nådeløse sammenligningstyrrani.

    Og forresten, fin blogg du har!

  2. Gode tankar ang kvinnesyn og kroppsfiksering Kirsti… Vi likar å tru at vi ikkje bryr oss, men blir nok påverka av alt rundt oss. Kva er viktig? Kva er livskvalitet? Drikke te og skravle med god venninne er i alle fall god livskvalitet! Ein skal kunne kose seg:)

  3. Du har noen fine refleksjoner her. Forventing kan være noe fint, men det kan også være destruktivt. Å kjenne at andres forventing ikke er noe en klarer å oppfylle er én ting, men aller verst er den forventingen vil legger på oss selv. Vi plukker opp et fragment her og et fragment der, gjerne i ukebladene, og legger tilsammen en forventning på oss selv om alt vi skal klare, gjøre, rekke og mestre. Det kan være ganske lammende.

    Som voksne tror jeg det viktigste vi kan gjøre er å være det vi sier er viktig. Det nytter ikke å si ungjenta at hun er fin som hun er og samtidig klage på sin egen kropp i neste åndedrag. Så enkelt, og så vanskelig.

    Jeg skulle for øvrig gjerne ha lest de hyllestbrevene til hengepuppene 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s